Band frå heile verda tar denne helga vegen til Bjørke i Hjørundfjorden, og festivalsjef Silja Haddal Mork gler seg til det heile går av stabelen på laurdag:

– Vi er klare, og gler oss. Det er alltid mykje å gjere når det nærmar seg, fortel ho til Sunnmørsposten.

– Det største problemet til Indiefjord er faktisk at vi får nye idear heile tida, seier ho og ler.

Snart utsolgt

Silja fortel at festivalen kun har nokre få søndagsbillettar igjen, og at både helge- og laurdagsbillettar er utsolgt.

– Eg vart veldig overraska over interessa som festivalen har fått, seier ho oppglødd

(saka held fram under bilde)

.

Ho oppfordrar likevel folk utan billett til å ta turen til Bjørke denne helga, då det er mykje anna enn konsertar ein kan ta del i. Ølsmaking, morgonyoga, utstillinger, sjakkturnering og morgondisco er berre nokre av dei få aktivitetane som skjer i fjordbygda.

Kulturutveksling

I følge Silja starta festivalen som ein vennefest, der ho inviterte internasjonale musikkvener til å ta med seg indiepopen til fjordane.

Etter kvart vart det like viktig å vise den lokale kulturen til dei tilreisande gjestane, og Silja beskriv festivalen som ein einaste stor miks av norske og utenlandske tradisjonar, der alle skal føle seg velkomne og avslappa.

– Alle musikerane som kjem er hyggjelege, folkelege, lette å vere rundt og prate med, forsikrar festivalsjefen sjenerte festivalgangarar om.

(saka held fram under bilde)

Alt kan skje

At festivalsjefen gler seg til årets festival er sjølvsagt, men ho klarer ikkje å peike ut kva som blir høgdepunktet til helga:

– Eg trur at alt blir eit høgdepunkt. Berre det å sitje i Bakketunet og høre på musikk, sjå på den vakre naturen rundt seg og nyte augneblinken er eit høgdepunkt i seg sjølv, seier ho, før ho avslutter med å fortelle at sjølv om programmet er klart, veit ein fortsatt ikkje heilt kva som kan komme til å skje på Bjørke denne helga.

– Vi kjem på nye idear heile tida, og vi veit framleis ikkje kva den siste overraskelsen er, fortel festivalsjefen lurt.