– Det er nok den vakraste plassen vi har spelt på, seier Carla Easton. Ho syng i det skotske bandet Teen Canteen frå Skottland, som er eitt av trekkplastera på årets festival.

– Vi høyrde om festivalen frå nokre venner i Skottland som spelte her i fjor, og då vi fekk moglegheten måtte vi berre ta den, fortel Debbie Smith, trommeslagar i bandet.

Frå New York

Ho får støtte frå bandet Pale Lights, som kjem heile vegen frå New York for å vere med på festivalen.

Når Sunnmørsposten snakkar med bandet på laurdagen fortel dei at dei nyt å vere i vakre omgjevnader og saman med interessante folk frå heile verda, og ikkje minst dei fastbuande frå Bjørke. – Det har vore utruleg kjekt å få komme hit og treffe folk frå heile verda, seier Suzanne Nienaber.

– Alt har gått fint

Det fortel ein glad og noko letta festivalsjef, Silja Haddal Mork, som knapt har fem ledige minutt å avsjå på det som er årets travlaste dag.

Nokre har sammenligna festivalen med måten Sommerfesten på Giske starta opp, med lokale pågangsdrivere og dugnadsånd. Og Silja fortel at dei ser opp til måten festivalen ute ved kysten gjer ting. – Likevel, så håper eg at vi kan halde ting intimt her inne ei stund til, seier ho, og legg til: – Det er litt av magien.

Meir enn musikk

Festivalen i Hjørundfjorden er meir enn ein vanleg festival.

Her leggjast det opp til at artistar, lokale fastbuande og andre gjestar skal kunne oppleve ting saman gjennom heile helga. Blant aktivitetane er det derfor lagt opp til ølsmaking, vinsmaking, stumfilmkonsert og fjellturar, i tillegg til musikk sjølvsagt.

Sita Pieraccini, bassist i Teen Canteen, fortel at fellesturen opp til eitt av fossefalla var noko som dei naturleg nok ikkje har opplevd på andre festivalar enda. – Det var så hyggeleg, for artistar frå mange forskjellige land gjekk saman med dei lokale og prata og blei kjende med kvarandre, fortel ho.