– Det er utruleg kjekt og veldig kult, dette har vi håpa på i fleire år, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal som har flygande mykje å gjere før festivalområdet opnar torsdag kveld.

Festivalen som har 15-årsjubileum i år, har plass til totalt 24 000 besøkjande,

– Det å selje so mange billettar på ein så liten stad er eit klapp på skuldra og den beste takka ein kan få som festivalarrangør.

Badefestival

Dei ni dagane med rigging i forkant av festivalen, har vore utfordrande med dårleg vêr.

– På måndag regna det so mykje at vi kunne nesten ha badefestival her på Eid, men no kjem endeleg finvêret til oss. Eg har funne fram badeshortsen og har tenkt å bade for fyrste gong i år under festivalen, smiler festivalsjefen.

Treng frivillige

Festivalen varar frå torsdag til laurdag, og det er framleis ein sjanse til å få med seg festivalen som frivillig.

– So langt har vi 1139 frivillige, ganske mange! Dei frivillige er lystnerven i festivalen, sjølve hjartet. I bygda er alle involvert på eit vis, det er ein kjempedugnad for å få til ein så stor festival på ein liten plass. Eg er utruleg stolt over å vere ansvarleg for noko så stort, seier Naustdal, som er fødd og oppvekst på Eid. Det er nokre få frivilligplassar igjen på laurdag.

STOLT Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er stolt over å få til ein så stor festival i heimbygda. Foto: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES

Festivalcamp

Det merkast på Eid at noko stort er på gong.

– Eg ser folk kjem ut av bussane med telt og sovepose. I fjor hadde vi fleire tusen i kø som venta på å komme inn på festivalcampen, seier Naustdal. Campen med over 1000 telt og 5000 besøkjande, opna klokka 17.00 på torsdag.

Stor pågang

Festivalen har 30 artistar fordelt på to scener på festivalområdet, samt ei scene i Eid sentrum. For fyrste gong i år, vil også ei utescenene vert open allereie på torsdag, når mellom anna Dagny og Turbonegro opptrer. Det er ikkje alle som er like glad som Naustdal for at festivalen er utseld.

– Etter vi vert utselt har det vore ein enorm pågang frå folk som ikkje rakk å få billett. Vi har mast til det keisame om at ein ikkje må vente med å kjøpe billett. Nokon blir skuffa, sånn er det berre, neste år må dei vere tidlegare ute.

Trekkplaster

Biffy Clyro, Refused, Karpe Diem, Alan Walker, Turbonegro, Ane Brun, Åge Aleksandersen & Sambandet og Converge er blant dei som kjem til Malakoff i år. Festivalsjefen håper at ferjene går, slik at mange sunnmøringar tek turen.