Einaste kvinne

Trude Teige nominert til pris

Er einaste kvinne blant dei fem nominerte til Rivertonprisen 2017.

Nominert: Trude Teige frå Herøy er nominert til Rivertonprisen 2017.  Foto: Oda Berby

Kultur

Trude Teige frå Herøy er nominert til Rivertonprisen, også kjend som «Den gylne revolver», ein årleg pris som går til forfattaren av det beste kriminallitterære verket frå året som har gått. Teige er nominert for romanen «Pasienten».

I grunngjevinga frå juryen seier dei at «i denne romanen viser Trude Teige igjen sitt gode håndlag med tidligere tiders dramatiske hendelser som får tragiske konsekvenser i vår samtid.

Her dreier det seg om behandlingen av såkalt «sinnslidende» på våre psykiatriske sykehus i en ikke altfor fjern fortid. Forfatteren beskriver både inhumane holdninger og brutal praksis som leseren kan gjenkjenne også i vår samtidige behandling av denne mest utsatte og sårbare pasientgruppen.»

Dei andre nominerte er Aslak Nore, for «Ulvefellen», Øistein Borge, for «Det som aldri dør», Lars Mæhle, for «Den stille flokken» og Kurt Aust, for «Skipet med det onde øye».

Vinnaren av prisen vil annonserast på Litteraturhuset i Oslo torsdag 15. mars.