Tre sunnmøringar er blant dei åtte kunstnarane som får tildelt kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune i 2018. Det melder fylkeskommunen i ei pressemelding. Stipenda skal vere med på å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke.

I alt 46 kunstnarar hadde søkt om stipend då fristen gjekk ut 31. januar, innan visuell kunst, musikk, litteratur, scenekunst og film.

– Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

I tillegg til dei ordinære kunstnarstipenda vert det også i år tildelt eit arbeidsstipend på 200.000 kroner. Det er tredje året dette stipendet vert tildelt.

Stipenda vil verte delt ut under Fylkeskulturkonferansen i Kristiansund 25. april.

Dei åtte som har fått tildelt stipend er:

Arbeidsstipend:

Ane Vik Eines, Mjosundet – 200.000 kroner

Visuelle kunstnarar:

Ine Harrang, Molde – 50.000 kroner

Jon Arne Mogstad, Surnadal – 50.000 kroner

Litteratur:

Joakim Hunnes, Ålesund – 80.000 kroner

Åshild Moldskred, Måndalen – 30.000 kroner

Musikk:

Jorunn Marie Kvernberg, Volda – 80.000 kroner

Øyvind Weiset, Halsa – 30.000 kroner

Film:

Jan Otto Ertesvåg, Ålesund – 80.000 kroner

Jorunn Marie Kvernberg frå Volda er ein av stipendmottakarane og får eit stipend på 80.000 kroner. Foto: Marius Beck Dahle