Festivalen kunne i år skilte med artistar som Gluecifer, Ghost frå Sverige, Wolfmother frå Australia, Satyricon, Aurora, Gåte og Vazelina Bilopphøggers, noko som sørga for at der var noko på programmet for dei aller fleste.

Billettsalet gjekk òg så det susa, der 3-dagarspasset vart utseld allereie første dagen.

Bildeserie: Sjå blinkskudda frå Malakoff her

– Beste nokon gong

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er strålande fornøgd med årets festival.

– Eg kan seie med 100 prosents nøyaktigheit at dette var den beste festivalen vi nokon gong har arrangert, fortel han til Sunnmørsposten.

Han trekk fram det gode vêret, at festivalen vart utseld og innsatsen til dei 1200 frivillige som grunnar til at det gjekk så bra.

– Engasjementet rundt festivalen er rørande stort, og eg vil takke alle som har vore med og bidrege, seier Naustdal.

Høgdepunktet for han sjølv var konserten men svenskane i Ghost.

– Det var smekkfullt, og det var artig at folk fekk sjå eit så stort band som dei kanskje aldri har høyrd om før, seier han, og legg til at det å kunne introdusere folk for nye band er noko av det beste med å arrangere festival.

Ghost: Ghost avslutta fredagen på Malakoff for ein smekkfull festival. Foto: Sofie Svanes Flem

Neste års festival klar

Rockehår: Ole-Jakob Dalseth Domaas (7), Liam Noah Hamre (6) og Storm Haugen (7).

Allereie på måndag slepp dei billettane til neste års festival.

– Den håpar vi skal verte enno betre! Vi gjev oss ikkje før vi har verdsherredøme, ler Naustdal godt.