– Eg håpar det kjem fleire hit i kveld enn null. Noko anna ville vore pinleg, seier Rønnestad med eit forsiktig smil.

77-åringen skal lese eigne dikt, på slektsgarden på Folkestad som ho har døypt om til «Kulturbakkane».

Ho visar stolt fram nystova, gamlestova, løa, vårfjøsen og kvernhuset. Det er til den raude grindaløda at ho håpar folk vil ta turen, både for å høyre dikta hennar, og for å synge med på Vidar Sandbeck (100 år) sine visar.

Kulturhus: Grindaløda, ein del av Kulturbakkane, har flott utsikt til Austefjorden, Rotsethornet og Volda. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Kjøpte ut slektningar

Det var slett ingen sjølvfølge at Folkestad skulle få noko som både er eit lite museum og eit konsertlokale.

Handkvern: Denne mobile tingen, gjorde det mogeleg å male seg litt mjøl utan å måtte gå til mølla med kornet først. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

I 2006 kjøpte Rønnestad eigedomen saman med søskenbarnet Reidun Wattø, frå ein tredje slektning. Småbruket var da i ferd med å gå til grunne. Eigaren budde ein annan stad og hadde ikkje kapasitet til å gjennomføre dei krevjande tiltaka som trongst.

Rønnestad hadde gjennom åra bygd opp sterk økonomi. Ho har mellom anna vore internasjonal advokat for Telenor. Allereie i 2007 kjøpte ho ut Wattø. Garden hadde blitt Rønnestad sitt store pensjonistprosjekt.

– Eg har sagt til gutane mine at det ikkje vert anna å arve etter meg enn Bakkane, sa ho til Sunnmørsposten i 2013.

Ho anslår å ha brukt 2–3 millionar på prosjektet. I tillegg har Norsk kulturminnefond og SMIL (fylkeskommunen) lagt pengar på bordet.

– Eg fekk støtte tilsvarande 50 prosent av anbodspris på restaurering. Men prosjektet vart dyrare enn kva anbodsvinnaren førespegla, så eg har nok betalt nærare 75 prosent, seier ho.

Vil lære skuleelevar historie

I nettopp 2013 vart staden nominert til Godt vern-prisen som vert kåra av Fortidsminneforeningen i samarbeid med Sunnmørsposten. Kulturbakkane tapte på målstreken. I 2015 derimot, vart prisen endeleg vunne. Rønnestad visar stolt fram det tre år gamle diplomet, før vi går ut i hagen. Her peiker ho ned på jordbruksterrassane i, ja, bakkane, ned mot fjorden.

– Slik måtte den vestlandske fiskarbonden dyrke for å ha nok jordareal.

Rønnestad håpar at skuleklassar vil byrje å kome.

Heimrøter: Sjølv om Rønnestad bur i hovudstaden, er ho særs opptatt av sine sunnmørske røter. Ho ønsker å formidle korleis folk levde på Sunnmøre. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

– I dag skal ungane ha alt med ein gong. Før sleit folk dag ut og dag inn. Men dei song også på kjøkkenet om kvelden.

Sjølv om mykje er langt lettare no enn før, har ikkje restaureringsprosjektet gått heilt knirkefritt.

– Folk som vil gjere noko likande må vere budde på at fallgruver ventar.

Ho dreg fram eit døme:

– Ein ærverdig mur måtte rivast då handverkaren oppdaga at ei gran hadde røtene sine gjennom muren. Å bygge han opp igjen var dyrt.

Intimkonsert

Epletreet i hagen ber frukter. Det same gjer arbeidet for å skape ein kulturscene. Det er klart for musikk og lyrikk.

Folk trekk inn i løda, og vi er fleire enn null. 15 personar verkar ganske mykje i det intime lokalet. Vi får høyre Rønnestads dikt. Enkelte av dei er tonesett av musikar Geir Bråten. Han gjestar garden for femte året på rad.

Poesi: «Eg såg ei humle, det var ei bille». Slik avsluttar Rønnestad eit av dikta. Fleire av dei handlar om at sinnet og sansane kan bedra. Til venstre står musikar Geir Bråten. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

– Planen er å kome og framføre noko neste år også ja, seier Bråten.

Men for dei som ser nysgjerrige på Kulturbakkane, er det ikkje naudsynt å vente så lenge: 18. august blir det konsert med Pål Andreas Foldal Aam frå Ørsta. Aam studerer klassisk gitarspel, og er ein framstormande artist.