Det seier Rune Bergmann, dirigent og kunsterisk leiar for musikkfestivalen Fjord Cadenza. Søndag ankom eit stort orkester med musikarar frå ti ulike nasjonar Strandafjellet med gondol, for å spele konsert på paviljongen. I bakgrunnen ruva fjordane og skodda.

– Eg trur musikarane er einige også - dei som ikkje blei svimle av gondolturen hadde stjerner i augo, seier han og ler.

Og ut frå det Sunnmørsposten erfarar, stemmer det godt. Vi møter fem av musikarane medan vi tar gondol opp til paviljongen. Dei er mest interesserte i å stille spørsmål til journalisten.

Gondoltur: Vi møtte nokon av dei polske musikarane i gondolen på veg opp, og dei var svært entusiastiske over utsikta. Frå venstre: Hania Mozejekusk, Ania Muztk, Magda Pajetuska, Tukasz Gørekicz og Asia Køjtokuilz. Foto: Maria Finnøy Fagervoll

– Korleis er det å bu her? Dette er heilt spektakulært. Eg kan ikkje forstå at det går an å bu midt i dette, seier Tukasz Gørekicz frå Polen.

For mange av musikarane er dette første besøk til Norge, og i gondolen har dei teke fram mobilane for å ta bilde av den spektakulære utsikta.

– Vi har aldri spelt på toppen av eit fjell, seier dei.

Fjellkonsertar

Konserten er med brass ensemble med Andrew Balio og string kvartett, og orkesteret er sett saman av Fjord Cadenza for anledning.

– I går var vi også i Geiranger. Å spele på fjella var ein idé ei i styret hadde - å bruke slike stadar under festivalen, seier Rune Bergmann.

Tanken var opprinneleg å ha konserten ute, men skyane var for mørke og temperaturen var for lav.

– Det er ei utfordring å spele med brass ensemble i paviljongen. Men det folk kan sjå frem til i dag, er når strykarane kjem ut og spelar Holberg-suiten av Grieg til denne utsikta.

Halvparten av musikken som spelast under konserten er Grieg.

– Vi har canadiarar, amerikanarar, tyskarar, og musikarar frå Polen. For mange er dette første besøk til Norge. Dette er spektakulært for alle.

Han er godt nøgd med årets Fjord Cadenza hittil.

– Årets festival har vært den mest spektakulære eg har vore med på. Alt har gått på skinner. Så reiser vi rett av gårde til CD-innspeling etter dette.

Søndag kveld spelte dei altså inn ei plate på Gomerhuset på Skodje.

– Det at orkesteret oppstod for fire dager siden gjør det ekstra spennende. Dette er musikere på elitenivå. Dei aller beste, seier Bergmann.

Trufaste festivalgåarar

– Dette er eit fantastisk arrangement. Vi har fått med oss mange av konsertane, og måtte sjølvsagt ta turen hit i dag. Fjord Cadenza er fast tradisjon kvart år, seier Turid Løvoll.

Ho er ein av publikummerane, og har teke med seg venninnene Marit Melvik og Asbjørg Giskemo.

– Festivalen fortenar meir blest rundt seg. Det er sterke lokale krefter som arrangerar dette, og det at dei miksar og sett saman orkester er imponerande at dei får til, meiner Giskemo.

Alle er klare på at festivalen er eit fantastisk arrangement.

– Rune Bergmann er eit genni, meiner Løvoll.

Grunnleggaren av festivalen, Jens Moe, er også til stade på paviljongen søndag.

– Der er 60 handplukka musikarar som er av dei aller beste som finst, satt samana av Rune. Dei kjem frå inn og utland, men det er også lokale med. Jubileumskonserten var aldeles ubegripelig god, seier han.