Foredragsturné kjem til mellom anna Ålesund, Åndalsnes og Ørsta:

Dei alpine redningsgruppene har fått si bok

På død og liv – tittelen på boka om redningsklatrarane kan tolkast heilt bokstaveleg.

Erfaren: Forfattar og redningsklatrar Ture Bjørgen.  Foto: Jarle Aasland, Stavanger Aftenblad

Kultur

Dei alpine redningsgruppene stiller opp, der ingen andre kjem til. Den siste lokale innsatsen, var under leiteaksjonen etter polske Maja, rundt Saudehornet i Ørsta.  Arbeidet er frivillig.

Forfattar Ture Bjørgen har 25 års erfaring frå Rogaland alpine redningsgruppe. No er han på foredragsturné på utvalte plassar i Midt-Norge. Han besøker mellom anna Ålesund måndag 10. desember, Åndalsnes torsdag 13. desember, og Ørsta 14. desember.


Her kan du få med deg foredraget:
  • Ålesund: Buldrehallen, måndag 10. desember, 20.00
  • Molde: Moldeveggen, tysdag 11. desember, 20.00
  • Oppdal: VPG, onsdag 12. desember, 19.00
  • Åndalsnes: Tindesenteret, torsdag 13. desmber, 19.00
  • Ørsta Røde Kors Hjelpekorps, fredag 14. desember, 19.00

– Eg veit ikkje kor lenge det kjem til å vere slik, men eg meiner dette er ein dugnad som er verdt å ta vare på, seier Bjørgen i ei pressemelding.

Han har brukt to år på å skrive boka På død og liv – norsk fjellredning på innsiden.

Fri Flyt er forlag. Ti prosent av inntektene i samband med boksal under turneen, går til dei lokale alpine redningsgruppene.

– Det betyr Sunnmøre alpine redningsgruppe for foredraga i Ålesund og Ørsta, og Romsdal alpine redningsgruppe i Molde og Åndalsnes, seier ansvarleg redaktør i Fri Flyt, Erlend Sande til Sunnmørsposten.


Boka tar oss med på opp- og nedturar – frå fortvilte situasjonar der klatrarane har måtta hente ned døde kameratar, til operasjonar med lykkeleg utgang og kongens fortenestmedalje. Forfattaren trekk historiske liner tilbake til starten av norsk fjellredning.


Dramaet ved Muldalsfossen i Tafjord:

Familien til den omkomne lovprisar innsats etter dødsulukke

Familien til den omkomne tyske turisten som fall i Muldalsfossen hyller alle som hjelpte til i dramaet i Tafjord.