Åkre bedehus offisielt opna på Sunnmøre museum

– Ein draum som har gått i oppfylling

7. juni 2013 kom Aud Farstad på ideen om at Åkre bedehus på Haramsøya burde vernast. No, om lag seks år seinare er det gamle gudshuset på plass hos Sunnmøre museum i Borgundgavlen i Ålesund.
Kultur

– De må ha meg unnskyldt, men eg er så rørt av at bedehuset endeleg står her ferdig. Det var fleire gonger eg tvila på at det skulle gå, men no er vi her, sa ein kjensleladd Farstad til eit fullsett Åkre bedehus på den nye tomta i Borgundgavlen søndag ettermiddag.