Olav Strømme får sitt eige galleri i Ørsta

Ein draum blir oppfylt når Volda og Ørsta kunstlag no er klar til å opne Olav Strømme-galleriet.
Kultur

– Det er heilt fantastisk. Det er ein draum som no blir realisert, seier Anne Ellingsen og viser inn i dei nyoppussa lokala i Ørsta, der Olav Strømme-galleriet skal opnast 13. juni.