Skal vise fram industrihistoria

Dei kjem nok ikkje unna å måtte stille ut ei Grandiosa-eske, karane som planlegg ei permanent historisk industriutstilling i Stranda.

Fabrikk: Pizzafabrikken har sett Stranda på kartet.  Foto: Terje Engås

Stranda: Her hadde Ekornes sofa-fabrikk i mange år.  Foto: Terje Engås

Kultur

Det førebuande arbeidet for ei permanent historisk industriutstilling i Stranda kommune er nemleg godt i gang.

«Strandaindustriens historie» er namnet og det er sett saman eit styre med Reidar Lunde som leiar og Anders Adolfsson, Kjell Opsvik, Helge Søvik og Sveinung Ørjasæter som medlemmer, fortel dei sjølv i ei pressemelding.

I sofa-fabrikken

Dei opplyser at dei har fått lovnad om å leige eit 600 kvadratmeter stort lokale i P. I.-bygget, som for ein del sidan inneheldt Ekornes sin sofafabrikk.

Her tek dei sikte på å samle produkt frå industrien: bildemateriell, filmar, bøker, artiklar og anna som samla kan illustrere utviklinga, alt frå det første kraftverket vart sett i drift i Storelva til den moderne industriproduksjonen i Stranda kommune i dag.

Tidleg ute

Stranda vart tidleg kjend som ei industribygd. Ei medverkande årsak var at bygda alt i 1848 fekk sin eigen bank, den nest eldste sparebanken på Sunnmøre, at Indre Sunnmøre Branntrygdelag vart skipa i 1859, og at eit privateigd kraftverk kom i drift i 1912, mellom dei første på Sunnmøre.

Ein del produkt er allereie samla inn til utstillinga, og styret har fått lovnad om meir.

Det er vist interesse for at dette kan bli kommunen sitt bidrag i det interkommunale samarbeidsprosjektet «Designvegen» der Stranda, Sykkylven, Stryn og Hornindal/Volda er med, heiter det i meldinga.