Ona på søndag:

Opner døra på Steffågarden

Steffågardens Venner og Molde Kabaretgruppe held Ope Hus på Ona søndag 30.juni.

Ona: Steffågarden, eldste huset på Ona.  Foto: Romsdalsmuseet.

Kultur

Her blir det tombola, sal av kaffi og kaker – og konkurransar. Sik det tradisjonen tru har vore det i mange år.

Årets kulturelle innslag står delar av Molde Kabaretgruppe for.

Stormly

Dersom det skulle bli styggevêr, blir arrangementet flytta til forsamlingshuset med det talande namnet Stormly.

Steffågarden er det eldste huset på Husøya, og blir i dag drive som museum av Romsdalsmuseet, med god hjelp av "Steffågardens venner".