«Super Trouper» tilbake i Måløy

Det svenske ABBA-tributebandet Super Trouper opptrer også i år på Måløydagane.

Hyllest: ABBA-tributebandet "Super Trouper".  Foto: Pressefoto

Kultur

Komande helg er det igjen duka for Måløydagane, med eit velfylt program. Eit av trekkplastera er i år, som i fjor, det svenske ABBA-tributebandet Super Trouper.

Dei opptrer i Stadyardteltet fredag 28. juni. Saman med seg denne kvelden har dei Resound, Vikinger, og The Whole Shebang.

Tivoli

Tidlegare på fredagen er det tivoli, barneshow i teltet, og musikk i sentrum med mellom andre Bjørn Engelbrektson og Renate Nekstad.

Laurdag er det mellom anna tivoli, tilbod om byvandring med Terje Sølvberg, tur med Eliasbåten, meir barneshow i teltet, loppemarknad, moteshow, opptog – medan Terje Våge spelar trekkspel.

Måløy Musikklag

Laurdagskvelden blir avslutta i Stadyardteltet med mellom andre Cool Walley, Måløy Musikklag, The Whole Shebang og Vikingene.

Årets utgåve av Måløydagane blir avslutta med fyrverkeri klokka to natt til søndag.