Galleri slit - men held ope i sommar

Peer Gynt galleriet på Hellesylt har gått med underskot dei to siste åra. Likevel har dei bestemt seg for å halde ope i sommar.

Hellesylt: Oddvin Parr sine utskjeringar er utstilt i Peer Gynt galleriet på Hellesylt.  Foto: Terje Engås

Kultur

Det melder hellesylt.info.

Dei legg til at med rentekostnader kom Peer Gynt galleriet ut med eit årsresultat 2018 på minus 115.000 kroner i minus, som er knappe 80.000 betre enn året før. Galleriet får ikkje statleg støtte.

Salsinntektene var på 485.000 kroner. Sum eigenkapital og gjeld i selskapet står bokført med knappe 2,2 millionar kroner. Av dette utgjer aksjekapitalen 1,24. millionar.

Attval på Stadheim

På generalforsamlinga i galleriet i førre veke vart Dag Stadheim attvalt til leiar. Med seg i styret får han Lena Parr, Berit Hole, Øystein Ljøen, Gunnhild Kvam og Ole Hjalmar Bonsaksen.

Styret meiner at det er grunnlag for framleis drift i 2019, men ikkje på same nivå som i fjor. Galleriet hadde sesongopning 1. juli.

Det må takast betydelege faktiske og økonomiske grep dersom det skal vere grunnlag for vidare drift i 2020, heiter det i årsmeldinga frå selskapet.