Indiefjord blir arrangert for sjette gong til helga:

– Heile bygda blir ei scene

Nærare 250 søknader kom inn til Indiefjord 2019, og arrangørane måtte seie nei til favorittband dei håpar å få booka «neste år», fordi dei var så mange. Til helga kjem 22 band, dansarar og DJ-ar for å opptre Bjørke rundt.

Internasjonale artistar: I år kjem artistar frå andre sida av kloden for å besøke Bjørke og Hjørundfjord.  Foto: Eline Viddal Rød

Kultur

13. og 14. juli går Indiefjord av stabelen for sjette gong.

Sidan starten i 2014 har festivalen vakse frå å vere ein venners-vennersfest til ein festival internasjonale indiepop-band opprettar europaturne for å besøke.

Innan sjangeren indiepop er det fleire legender.

Gary Olson, frontmann i The Ladybug Transistor tek turen frå Brooklyn, New York.

Han skal opptre søndag på Haukly. Olson har med seg Ole Johannes Åleskjær frå det norske indiepop-bandet The Loch Ness Mouse, og Åleskjær spelar også eit eige akustisk sett ved Notanaustet laurdag ettermiddag.

Artistar frå Australia og USA

– Det er også svært å få Mark Monnone i Monnone Alone til Bjørke frå Melbourne, Aurstralia, som headliner laurdagskvelden på Haukly.

Monnone tek også med seg Gus Franklin frå bandet Architecture in Helsinki, eit anna velkjent band frå Australia, seier Silja Haddal Mork i ei pressemelding. Ho er festivalsjef i Team Indiefjord.

Franklin spelar eit eige sett søndagskvelden på Haukly. Ein annan indiepop-helt som kjem reisande frå Australia, er Darren Hanlon.

Han kjem til Bjørke på eige initiativ. Han tek også med seg på scenen songar og låtskrivar Shelley Shirt frå Portland, Oregon. Ho spelar visepop som minner om Marianne Faithfull og Martha Wainwright.

– Indiefjord er også stolte av å få med seg Rune Berg og Johnny Hide, som kjem frå lokale popband med 60-talssound, The Margarets og Number Seven Dehli, fortel Haddal Mork.

Kjem: Johnny Hide og Rune Berg tar turen til Indiefjord 2019.  Foto: Andrew Combe

Tradisjonsmat, disko og pop-up-pub

I kjent stil kjem nye programpostar til, også siste veka eller dagen festivalen tek til.

Blant anna er ettermiddagskonserten i Notanaustet gratis, også utan festivalbillett.

– Det same gjeld fossevandringa med «Indiefjord Dad», Ivar Mork, og konsertane ved pop-up-puben til Tonga Gardsbryggeri frå Norddal.

Der spelar blant anna James Noble frå The Doubtful Sounds, legg festivalsjefen til.

Då arrangørane høyrde at Noble reiser heile vegen frå New Zealand til Indiefjord som festivalgjest, var det berre å booke han inn for ei framføring.

– Det vert også grilling ved Hjørundfjord Vandrerhjem Bjørke. På velkomstfesten fredag vert det tyrkisk meny ved Sofram Takeaway og Catering, laurdag og søndag vert det grillmeny med «Smaken av Sunnmøre», seier Haddal Mork.

Laurdag ettermiddag blir det ølsmaking basert på same konseptet, mat og drikke frå Sunnmøre.

Droppar storbyferien til fordel for Bjørke

På Bakketunet er det også mykje som skjer. Ein kan lage sin eigen Indiefjord-pizza, delta på salsa- og waacking-dansekurs med Gabriella Bratteberg frå Volda og Amanda Portuondo frå Cuba.

Både laurdag og søndag vert det danseoppvisning med Flakkande røynd i Jensaløda på Leira.

– Dette er gjestar og band som droppar storbyferien og reiser lengre enn langt for å spele ved eit naust eller på eit forsamlingshus på Bjørke. Og draumen om å kunne ta seg eit ekte fjordbad, seier Haddal Mork avslutningsvis i pressemeldinga.

– Heile bygda vert ei scene, og deltakarar og band vert innbyggjarar for ei helg.