Herøyspelet:

Herøyspelet med stor publikumsvekst

Det sure vêret stoppa ikkje publikum frå å strøyme til Herøy førre helg.

Herøyspelet: Herøyspelet har gått igjennom store forandringar.  Foto: Linda Bakken

Herøyspelet: Mange møtte opp for å sjå "det nye" Herøyspelet.   Foto: Linda Bakken

Kultur

– Vi er så takknemlege og glade, seier styreleiar Linn Therese Sævik i ei pressemelding etter førre helg.

Låge temperaturar og surt vêr såg ikkje ut til å stoppe publikum frå reise for å sjå "det nye" Herøyspelet. Dei selde heile 300 billettar fleire enn i fjor då spelet føregjekk ein varm sommardag.



Maja Aspås Teialeret glitra i rolla som Unn den fagre. Her saman med faren Ragnar Herøyhovding, spelt av Magne Håvard Brekke.  Foto: Linda Bakken

–Det er ekstra stas å sjå så mange ukjende fjes mellom gjestene våre. Her har det vore mange folk frå heile Nordvestlandet. Kongens Ring og spelehelga har kvalitetar det er verd å reise for, noko stadig fleire oppdagar.

Det var ekstra spennande å sjå kor mange som tok seg turen for å sjå "Kongens Ring" i år etter at spelet har gått igjennom store forandringar. Sævik roser alle dei frivillige som gjer det slik at det blir spel.

– Med super innsats frå folk både på og rundt scena, så blei det spel- eit spel som vi er veldig fornøgde med.


Sjå stor bildeserie frå Herøyspelet:

«Det er overveldande å sjå 200 menneskje leve seg inn i ei heilt anna tid og historie»

Ståande ovasjonar er på sin plass når heile Herøy går mann av huse for å invitere til spel. På tross av eit hustrig vêr, var publikum svært nøgd etter årets premiere på det tradisjonsrike spelet. I år hadde spelet ny regissør og nye namn i dei fleste rollane.