< Konserthus med stabile inntekter - Sunnmørsposten

Konserthus med stabile inntekter

Fosnavåg Konserthus AS i Herøy hadde i fjor 3,2 millionar kroner i inntekter.

Herøy: Fasaden på Fosnavåg Konserthus.  Foto: Knut-Arne Aarset

Kultur

Konserthuset gjekk med overskot, og fekk i 2018 eit resultat før skatt på 1,5 millionar kroner. I høve til året før er dette berre litt svakare tal.

I 2017 var nemleg inntektene på 3,4 millionar kroner, medan resultatet då kom på 1,7 millionar kroner.

Dette viser årsrekneskapen som selskapet har levert inn til Brønnøysundregistra.

Reduserte gjelda

Den økonomiske oversikta viser også at selskapet har redusert gjelda si i året som gjekk, frå knappe 16 millionar kroner, til 13,4 millionar i fjor.

Hovudaksjonær i Fosnavåg Konserthus AS er Herøy kommune med 52,8 prosent av aksjane. Dei andre aksjane er det lokale, maritime selskap som eig.


Sjå stor bildeserie frå UKM i Herøy

Laurdag ettermiddag var det UKM i Herøy. Deltakarar vi prata med kosa seg stort med å delta. Dei utelukkar heller ikkje at dei vil gjere det igjen.



Be'glorious:

Realt danseshow i Herøy

Lørdag ble danseforestillingen Be'glorious arrangert ved Herøy kulturhus, der blant annet Jenny Mari Bøe var musikalsk gjest.