< Frå Korsneset til Litteraturhuset - Sunnmørsposten

Frå Korsneset til Litteraturhuset

Gro Nilsdatter Røsth har skrive roman om spelemannen Karl Gustav Korsnes i Tafjord. Laurdag 7. september blir romanen "Spelemannen frå Korsneset" dramatisert under ei forestilling på Litteraturhuset i Oslo.

Forfattar: Gro Nilsdatter Røsth.  Foto: Øystein Vidnes

Kultur

Under framsyninga skal folkemusikar Thea Marie Ytterdal spele slåttar av Karl Gustav Korsnes, og skodespelar Silje Breivik vil lese utdrag frå boka, som for ei tid tilbake kom ut på Skald forlag.