Løftar fram salmeskatten

Magne Fremmerlid og Bjørnar Myhr markerer 150-årsjubileet for Blix sitt første nynorske salmehefte med sunnmørsturné.

Songaren Magne Fremmerlid, bass. 

Kultur

Søndag får publikum i Borgund kyrkje vitne at «No stig vår song». Den malmfulle bassen Magne Fremmerlid vert tonefylgt av pianisten Bjørnar Myhr. To av våre aller finaste utøvarar på respektive felt.

Høvet er dels at dette året feirar Noreg bokas år, 500 år etter at erkebiskop i Nidaros Erik Walkendorf fekk tinga to liturgiske bøker i 1519. Dette jubileet fell elles saman med at det er 150 år sidan det første nynorske salmeheftet «Nokre Salmar, gamle og nye» blei gitt ut.

Mannen bak heftet var Elias Blix. Han sprengte rommet for kva språk offentlege religiøse tekstar kunne skrivast på, og no 150 år etter er det som ein gong var kontroversielt sjølvsagt i dei norske kyrkjeromma.

Dei nynorske salmane er ein viktig del av vår salmeskatt, og mange av dei mest kjende nynorske salmediktarane har sine røter frå vårt område. Dette gjer ikkje konserten søndag kveld i Borgund mindre interessant. Attåt tonane, er det råd å fange opp historisk kunnskap også: Gaute Øvereng frå Nynorsk kultursentrum kåserer nemleg over den nynorske salmetradisjonen.

Konserten vil innehalde eit bredt spekter av salmar frå den nynorske salmeskatten, framført av dei dyktige kunstnarane. Fellessong blir også ein viktig del av konserten.

Etter Borgund søndag, går turnéen vidare til Ulstein kyrkje, måndag 23., Grytten kyrkje, torsdag 26., Tingvoll fredag 27. og Vatne kyrkje, laurdag 28. september.

Musikaren Bjørnar Myhr, piano.