< Nei, det er ikkje korpsmusikk - Sunnmørsposten

Skarbø Skulekorps med plate

Nei, det er ikkje korpsmusikk

Namnet hadde han hatt lenge på ein post-it-lapp. Uniformane kjøpte han for ein tusenlapp på finn.no. Dermed kunne strandaren Øyvind Skarbø starte Skarbø Skulekorps.

Plateaktuell: Skarbø skulekorps, med uniformer kjøpt på finn.no. Øyvind Skarbø heilt til høgre.  Foto: Helge Skodvin

Kultur

Og fredag 27. september kjem plata, med eit korps som består av Stian Omenås, Signe Emmeluth, Eirik Hegdal, Anja Lauvdal, Ivar Grydeland, Chris Holm – og korpssjefen sjølv, Øyvind Skarbø.