Spelar opp til intim vinyldag

Dei er å rekne som vandrande kulturintitusjonar i Volda. No har Gunnar Strøm og Bokmannen alliert seg – for ein dag.

Samler-duo: Til venstre Gunnar Strøm. Han er kjent i Volda både som SV-politikar, filmentusiast, animatør, professor og samlar. Til høgre Geir Hovind Frøysedal alias Bokmannen. Sistnemte seier han las 2000 bøker på eit år.  Foto: Terje Engås (montasje av arkivbilde)

Kultur

Gunnar Strøm frekventerer regelmessig det vidgjetne antikvariatet i bygda, Bokmannen. No har Strøm og bokmannen sjølv, Geir Frøysedal, funne saman om eit arrangement som går av stabelen 19. oktober.

Saman om samlemani


Ein labyrint av brukte bøker:

Bokmannen trur han vil ha ein million bøker når han er 58 år

«Bokmannen har runda 135.000 bøker» står det på eit skilt i vindauget. Men det var for nokre dagar sidan.


Då skal Volda Vinyl, som Strøm omtalar som ein syklubb for menn, både spele, selje og prate om vinylplater.

Hos Bokmannen er det vanlegvis ganske trongt, men Frøysedal har rydda både plass og kalender.

– Geir er boksamlar, og har også ein del vinyl, seier Strøm som er ein verkeleg storsamlar – særleg når det kjem til plater.

Det var under Voldamarknaden at Strøm og Frøysedal vart samde om å få til noko saman.

Platenerdar

For å illustrere Strøm sin plateinteresse, kan vi dra fram eit utklipp frå Sunnmørsposten i mars 2016:

«Han har spesialisert seg på platene til The Bonzo Dog Band, Kevin Ayers, Robert Wyatt og Neil Innes», kunne vi lese:

«– Er til dømes ei plate gjeve ut og pressa i 15 land, eg berre ha alle 15 utgåvene», fortalde han:


Samlarane samlar seg

Ørsta og Volda får eigen klubb for deg som samlar på noko:


– I Volda Vinyl har vi møttest ein gong i månaden i 16 år og spelt plater for kvarandre. Vi starta altså før vinyl vart trendy igjen.

I klubben har dei også loggført kven som har spelt kva, når og kor plata er pressa, berre for å nemne noko.

Laurdag 19. oktober, midt på dagen, kan du møte dei for ein god plateprat – og kanskje eit godt kjøp.


Må kaste 40 bok-kassar

Bokmannen Frøysedal har fått ein marerittaktig start på året

Geir Hovind Frøysedal, Bokmannen i Volda, må kaste 40 bok-kassar etter uvéret fredag.