Kunst:

Deltek på eksklusiv utstilling

Blant 600 søkjarar frå 77 land er Karin Augusta Nogva den einaste kunstnaren som får delta på ei utstilling i Berlin.

Einaste norske i Berlin-utstilling: Karin Augusta Nogva.   Foto: Staale Wattø.

Kultur

Kunstnar Karin Augusta Nogva er vald ut til å vere med på utstilling i Berlin på Galleri Heike Arndt DK som opnar 6. og 7. november. Heile 600 kunstnarar søkte om å få bli med på utstillinga. Av dei er det vald ut arbeid frå 77 kunstnarar frå 26 land. Nogva er den einaste kunstnaren frå Norge som deltek.