< Fire konsertar på fire dagar - Sunnmørsposten

Fire konsertar på fire dagar

"Mot jul"-gjengen er her. Dei skal innom fire stader på fire dagar: Valderøy kyrkje, Fosnavåg konserthus, Hareid kyrkje og Borgund kirke.

Konsert: "Mot jul" består av søstrene Tina og Merete Brandal som saman med Bjørn Holum står for det vokale. I bandet finn vi: Vegard Kvamme Holum - trompet og song. Bjørnar Myhr - piano, Audun Skorgen - bass, og Børre Dalhaug - trommer.   Foto: Per Eide

Kultur

«Mot jul» består av søstrene Tina og Merete Brandal, Bjørn Holum, Vegard Kvamme Holum, Bjørnar Myhr, Audun Skorgen og Børre Dalhaug.

Dei har som mål å sette publikum i høgtidsstemning med både klassiske og moderne julesongar – og også andre songar. Her er alt frå «Oh, Holy Night» til «Stjernesludd» av DumDum Boys og «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus.

Arrangøren håper det blir både stemningsfullt og vakkert, men også noko som kan vekke til ettertanke.

Her er konsertane: Valderøy kyrkje torsdag 21. november, Fosnavåg konserthus fredag 22. november, Hareid kyrkje laurdag 23. november og Borgund kirke søndag 24. november.

Les også om strykekvartetten som skal til Sande og Ålesund:


Fra lys til mørke

Store kontraster i strykekvartettens konserter i Sande og Ålesund.