Sviktar ikkje Sunnmøre

Kjekt å ha feil om dette: Charlotte og Magne skal sjølvsagt halde eigne julekonsertar!

Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid bryt ikkje ti år lange tradisjonar med konserten "O helga natt".  

Pianisten Bjørnar Myhr akkompagnerer songarane under kyrkjekonsertane - som alltid. 

Cellisten Hallvard Braaten Steinhovden er med under konsertane på Moa og Skodje.  

Kultur

Vi kom i skade for å formidle eit feilaktig inntrykk. Det er vi særs leie for. Og tilsvarande letta over å kunne spreie ein glad bodskap:

- Ein meir enn ti år lang tradisjon held fram, helsar bassen Magne Fremmerlid.

I lag med sopran-ektemakten Charlotte Fongen vert han å høyre i Storfjord kulturhus, Stranda fredag 20., Spjelkavik kyrkje laurdag 21. og på "heimebanen" Skodje kyrkje søndag 22. desember.

Paret vekslar mellom ulike gjestar og gjestesolistar. Til konsertane Spjelkavik og på Skodje tek Hallvard Braaten Steinhovden del.

- Hallvard er ein ung og framadstormande cellist frå Ålesund. Han er no busett i Oslo etter mange års studiar på ulike musikkinstitusjonar. Attåt å vere ein framifrå musikar, har han og studert arrangering og komposisjon. Hallvard er med for fyrste gong, men vi er sikre på at cellospelet hans vil gje konsertane eit nytt og vakkert uttrykk, seier Fremmerlid.

Takk vere dei rigide reglane for pensjon i operaen, arbeider han frilans. Som aldri før, må det vere lov å seie. Magne vert engasjert i talrike roller både her til lands og ute, også som gjest ved den gamle arbeidsplassen. Han torer no vere mellom dei mest profilerte songarane våre.

Dei siste månadane har det såleis vore konsertar i Taiwan, Singapore, København, Oslo, Bergen, Sandefjord, Tønsberg og Kristiansand. Han var denne hausten festivalartist på «Egil Hovlandfestivalen» i Fredrikstad. Her hadde han fem (!) forskjellige konsertar i oktober.

Charlotte Fongen er nesten blitt som sunnmøring å rekne. Ho er frå Bærum, men gjennom mange år med konsertar og korseminar på Sunnmøre er ho også blitt godt kjend her. Ho arbeider til daglig i Tønsberg domkyrkje, der ho har ansvar for barne og ungdomskor.

Charlotte er framleis tilknytta Dissimillis der ho har ansvar for songopplæring og kor. Ho og Dissimillis har akkurat med stor suksess gjesta operaen i Oslo med forestillinga «Prump - ein musikal som stinkar». Dessutan held ho solistkarriera vedlike, og har i det siste vore aktiv med konsertar i Oslo, Sandefjord, Tønsberg og Ålesund.

Bjørnar Myhr er som så mange år før med som akkompagnatør på klaver. Han samarbeidd med paret i over 20 år.

Til konserten på Stranda fredag 20. stiller Sykkylven Janitsjarorkester under leiing av Jan Petter Frostad. Korpset held svært høg standard. Også dei har lang fartstid i lag med songarane.

I kyrkja på Moa får Charlotte og Magne selskap av brassbandet Gjallarhorn frå Emblem, no dirigert av Nils Magne Abelseth.

- Vi er trygge på at dette blir gode konsertar med stort spenn, fortel Magne Fremmerlid.

Eit særtrekk ved dei båe er den lette, lune og engasjerande veremåten. Og som alltid får publikum syngje med av full hals der det passar seg slik under julekonserten «O Helga Natt».