Volda kyrkje:

Adventskonsert med tre kor

Søndag 15. desember skal heile tre kor halde felles adventskonsert i Volda kyrkje.

Kor: Dei tre kora Ervingen blandakor, Volda blandakor og Eid mannskor hadde siste fellesøving onsdag.  Foto: Privat

Kultur

Dei tre er Ervingen blandakor, Volda blandakor og Eid mannskor.

Dirigent er Øyvind Lied, medan Ralph Cupper er organist.

Onsdag var siste fellesøving i nokre intense timar i Volda kyrkje.

Nytt og gamalt

Det vert eit varierande repertoar med både kjende og nye julesongar, der alle kora både skal synge åleine og saman, fortel dei i ei pressemelding.

Dette er andre gong dei tre kora til Øyvind Lied held konsert saman.