Presenterer splitter ny julesong

Koret Scala Brio byd raust på julestemning i nattineen sin fredag i Langevåg kyrkje.

Julenattiné: Fredag held Scala Brio sin tradisjonsrike julenattiné i Langevåg kyrkje.   Foto: Pressefoto

Kultur

Denne fredagskvelden like før jul er den landskjende jazzsongaren Hilde Louise Asbjørnsen på plass som gjesteartist. Den utflytta sykkylvingen, som også er kjent som revyartist, låtskrivar og tekstforfattar, får tonefylgje av Askjell Molvær (piano), Kåre Nymark jr. (trompet), Audun Skorgen (bass) og Miki Campins (perkusjon).