Fra Ålesund til Førde:

Blir sjef for Sogn og Fjordane Teater

Cecilie Lundsholt var kunstnarisk leiar for Teatret Vårt si barne- og ungdomsavdeling, tidlegare Barneteatret Vårt, i Ålesund. No går turen til Førde og nye teaterutfordringar.

Jobb i Førde: Cecilie Lundsholt.  Foto: Nils Harald Ånstad.

Kultur

Cecilie Grydeland Lundsholt (38) blir ny teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater (Teater Vestland), melder teateret i ei pressemelding. Ho har brei erfaring både frå det frie feltet og ulike institusjonsteater. Cecilie Grydeland Lundsholt tek over etter Bodil Kvamme som teatersjef frå og med 1. januar 2021. Stillinga er eit åremål i perioden 2021–2024.

– Vi er svært fornøgde med å ha tilsett Cecilie Grydeland Lundsholt som ny teatersjef, seier styreleiar Rasmus Mo og held fram:

– Det var mange gode søkjarar å velje mellom. I slike prosessar er det alltid utfordrande å plukke den rette. Vi sat att med to særs gode kandidatar, og Lundsholt blei til slutt tilbydd stillinga, seier styreleiaren.


Cecilie Lundsholdts siste dag på jobben – Jeg kommer til å savne folket, havet og naturen i Ålesund. Folk er direkte, og de er inkluderende.

Fire Hedda-nominasjoner på fire år. Og sist helg ble det Heddapris også. Barneteatersjef Cecilie Lundsholdt trer av med flagget til topps.


Prisar og stipend

Den påtroppande teatersjefen har allsidig erfaring. Ho var i perioden 2015–2019 kunstnarleg leiar ved Teatret Vårt i Molde, ved avdeling scenekunst for barn og unge i Ålesund. Arbeidet ho leia i denne perioden blei løna med fire nominasjonar til Heddaprisen og Heddaprisen i 2019 for beste barneframsyning med «Mio min Mio».

Ho har elles skodespelarutdanning frå London og jobba fram til 2015 som skodespelar, produsent, dramatikar og dramaturg, både i det frie feltet og ved ulike institusjonsteater. I tillegg har ho initiert fleire store scenekunstprosjekt, og ho driv sitt eige teaterkompani. I 2019 vart Lundsholt tildelt Statens kunstnarstipend, og jobbar no som dramatikar og regissør med base i Oslo.

Røter i Førde

Lundsholt er fødd i Førde og vaks opp på Gjøvik. Når ho startar i jobben som teatersjef, tar ho like godt med seg mannen og flyttar tilbake til Førde.

– Det å takke ja til å bli teatersjef for Teater Vestland er den enklaste avgjerda eg har tatt på lenge. Eg er utruleg glad for å ha fått denne stillinga, og eg gler eg meg til å flytte til Førde og sette i gang, seier den påtroppande teatersjefen, i pressemeldinga.