Feirar med fest i fabrikkbygning

Volda og Hornindal slo seg saman frå nyttår. Det skal dei laurdag 11. januar markere med ein stor festkonsert i Propellhallen i Volda.

Opptrer: Beate Slettevoll Lech frå Stjernekamp skal opptre på festkonserten i Propellhallen laurdag.   Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Kultur

Godt over hundre aktørar skal i aksjon, mellom dei songartisten Beate Slettevoll Lech frå Stjernekamp, Kviven spelemannslag og Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester.

Beady Belle

Andre som skal underhalde på festkonserten er Stella Birthe Polland, Kirsten Ose, Morkakoret, Kviven Duo, Sindre Løvik og Sigrid Tønnesen, Beady Belle, John Inge L. Bjøringsøy og Arild Andenes, Bygdlesfeber og Stemt.

Det er gratis inngang, kaker og kaffi, og i salen er det plass til om lag 600 personar.

Mingling

Midt i konserten blir det ei pause på 45 minutt, der publikum kan gå rundt i hallen og bli betre kjende med sine nya naboar, medan dei drikk kaffi og et kake.

Festkonserten blir leia av skodespelar Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal.