Flyttar balletten til stovegolvet

Alle dei 350 elevane ved Ballettskulen Ørsta Volda får no tilbod om heimeundervisning via internett.

Ballettskulen Ørsta Volda har 350 elevar. Her er ein av dei under ei tidlegare framsyning. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Kultur

– Rydd dansegolvet og dans for livet, oppmodar Ballettskulen Ørsta Volda i ei pressemelding.

Dei to pedagogane Felicia Goll-Rasmussen og Analu Zidko spelar inn videoundervisning og opplæringsvideoar.


Livestudio: Koronavirus

Livestudio: Koronavirus


Digital plattform

Elevane vil få tilgang til videoar med koreografi, tekniske øvingar, tøying, styrke og kreative danseøvingar og musikklister. Dermed kan danseundervisninga skje heime på stovegolvet, via den digitale plattforma Spond.

– Vi ynskjer å gå føre med eit godt eksempel. Mange kulturbedrifter kjem til å gå konkurs, og vi vil gjere alt vi kan for å berge Ballettskulen med sine to faste tilsette. Den er viktig for 350 born på Søre Sunnmøre, seier styreleiar Synnøve Rekkedal Hill i pressemeldinga.

Rydd dansegolvet

Ho legg til at Ballettskulen gjer no noko dei aldri før har gjort.

– Vi ber om forståing for at det vert prøving og feiling, og vi ber foreldra legge til rette for at borna får dansa heime.

På programmet til skulen står øving til årets Vårshow.

– Om det vert framsyning på Ørsta Kulturhus i mai og juni, står att å sjå. Men den dagen Norge vert friskmeldt, er vi klar til å ta i mot vårt kjære publikum, seier styreleiar Synnøve Rekkedal Hill.