< Teikna stolen som 800.000 har kjøpt - Sunnmørsposten

100-årsjubileum for møbeldesignar Ingmar Relling:

Teikna stolen som 800.000 har kjøpt

Ingmar Relling er mannen bak Siesta-stolen, som til no er produsert i 800.000 eksemplar. I år er det 100 år sidan møbeldesignaren frå Sykkylven vart fødd. Det skal sjølvsagt markerast.

Designaren Ingmar Relling frå Sykkylven vann i 1965 ein pris for den nye Siesta-stolen. 

Kultur

– Relling var ein pioner blant møbelindustridesignarane i Norge. Han var ferdig utdanna rett etter 2. verdskrig, medan det framleis ikkje var så vanleg med designarar i møbelindustrien, fortel Eldar Høidal.