Få stipend til Møre og Romsdal:

Gir kunstnarane moralsk støtte

– Eit viktig innspel, seier leiar i kulturutvalet i fylket.

Leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet: Marit Nerås Krogsæter (Sp), Møre og Romsdal fylkeskommune.  Foto: Arkiv

Kultur

Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet (Sp) i Møre og Romdal fylkeskommune, har tatt kontakt med Sunnmørsposten etter saka om kunstnarstipend vart publisert.

Ho vil seie at ho er samd med kunstnarane i framstillinga deira av at få nasjonale stipend går til Møre og Romsdal.

– I Møre og Romsdal var det sendt inn 111 søknadar til stipend frå statens kunstnarstipend i 2020 og fem prosent av desse, altså seks personar har fått tildelingar.

Tala Krogsæter viser til her, gjeld ikkje berre billedkunstfeltet, men alle kunstartar. Dette er for lågt, meiner ho:

– Dette er den lågaste delen av tildelingar av stipenda, og ligg tre prosent under Rogaland og fire prosent under Vestland som er fylke det er naturleg å samanlikne oss med. Det som Liv Dysthe Sønderland, leiar av BKMR, seier i Sunnmørsposten, er etter mitt syn riktig og ei utfordring som vi i det politiske nivået i Møre og Romsdal har peika på i fleire omgangar, mellom anna gjennom arbeidet med Kunstpolitikk for Møre og Romsdal i 2018.

Kun to per tusen

Krogsæter etterlyser fleire medlemmar i råd og utval frå regionen:

– Den største utfordringa for oss som kulturpolitikarar, er at dei tiltaka vi gjer ikkje er nok. Vi er avhengige av at kunstnarane i fylket får tilgang på stipend og støtte frå Kulturrådet og andre som deler ut midlar, seier Krogsæter.

I Møre og Romsdal er det om lag to kunstnarar per tusen innbyggjararar, mot om lag fire på landsbasis, viser tal frå Norsk kulturindeks i 2018.

– Det bidreg ikkje til at kunstnarar vil flytte til fylket dersom ein ikkje får merksemd i nasjonale fora, held Krogsæter fram.


Ap fornøyd med fylkets krisepakke, men ønsker å forsterke

Arbeiderpartiet i Møre og Romsdal kommer med forslag til hvordan man fylket kan holde økonomien igang.


Utstilling i Oslo

Ho trekk fram at det er viktig å ha ei god geografisk spreiing av dei som sit i komiteane som deler ut stipend.

– Det er eit viktig innspel BKMR kjem med her, og det er bra at dei tar det opp i eigen organisasjon, men det er også viktig at ein ser på kvar midlane går og om ein kan bruke desse for å faktisk gjere det mogleg å vere kunstnar i heile landet, seier Krogsæter og held fram:

–Eit tiltak som Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med for å synleggjere kunst i Møre og Romsdal på, er å arrangere ei utstilling i Oslo neste sommar, der vi skal vise fram kunst frå fylket i hovudstaden. På denne måten flyttar vi kunsten til det området der det er mange premissleverandørar som kan sjå utstillingane, for å så skape ein større marknad for kunst frå Møre og Romsdal.


Fylket sin krisepakke

Slik skal fylket fordele krisepakken på 175 millioner kroner

Krisepakken på 175 millioner kroner hentes fra fylket sine oppsparte midler. Prisene på fylkesvegferjene settes ned to takstsoner slik som på riksvegferjene fram til slutten av juni.