Ny song frå Sirkel Sag:

«dei glana, men ser’kje en drit»

«Ka karantene? Det er berre livet mitt, og dette er ein ny song om det.»

«Dei glana»: Omslag til den nye songen frå Sirkel Sag.  

Kultur

Langfredag, 10. april, var ein ny ein ny song frå Sirkel Sag, eller Bård Aasen Lødemel, tilgjengeleg for alle. Sirkel Sag skreiv sjølv dette på si eiga Facebookside fredag: «No er den nye songen min ute overalt. Takk til Sjef R, produsent Urtefar og pinaDgreitt records. Og takk til Nynorsk kultursentrum for å sparke meg i ræva».


«Ørsta rådhus» er tiårets låt i nordvest

Sirkel Sag med «Ørsta rådhus» fekk flest stemmer, og artistar frå Ørsta tok alle pallplassane i den uhøgtidlege kåringa av tiårets beste låt i nordvest.


Det har seg slik at Nynorsk kultursentrum har eit prosjekt kalla «Aleine saman» og den nye låten frå Sirkel Sag, «Dei glana» er ein del av dette prosjektet. Nynorsk kultursentrum forklarar prosjektet slik: «No er mange aleine, men me er det saman. Kanskje får kunsten og artiklane på desse sidene ny meining i ei underleg tid for deg eller andre? Nynorsk kultursentrum har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar og vitskapsfolk om å dele sine bidrag».

«Dei glana» kan du mellom anna høyre her.

Runar Gudnason, aka Sjef R er med på refrenget i songen. Han eit presseskriv seier han at dette er ein «trist song du kan verte glad av».

Sjef er er for øvrig Sirkel Sags næraste allierte og ven frå Side Brok. Hiphop-gruppa frå Ørsta vart etablert i 2000 av Runar Gudnason (alias Sjef R / Thorstein Hyl III) og Bård Aasen Lødemel (alias Skatebård).