Strøymekonsert med Lizz:

– Endeleg blir det konsert igjen

Ho hadde våren planlagt og timebøkene fulle, Lizz. Så kom koronaviruset.

Scena: Lizz

Kultur

– Akkurat no tek eg berre ein dag av gangen. Denne situasjonen er ny for alle, så ein må berre gjere det beste ut av det. Men eg kjenner meg ikkje akkurat trygg på kva som vil skje, og har snakka med Nav, som mange andre. Eg vurderer å ta vakter som pleiemedarbeidar innan helse- og omsorgstenesta, som eg var før eg satsa på musikken på heiltid, fortel Lisabeth Brekke Sylthe.

Ho går under artistnamnet Lizz, og då koronakrisa kom veltande over Norge og verda, var ho akkurat i ferd med å sleppe sin nyaste singel, «No. 2». Det blei ingen live sleppfest med konsert, slik ho hadde planlagt.

– Heldigvis greidde vi å mobilisere til ein digital sleppkonsert, noko som gjekk veldig bra. Å spele utan publikum er uvant, men med fullt band og kamera rundt meg kjenner eg at eg mobiliserer like mykje likevel. Så eg gler meg til konserten torsdag kveld.

Lizz: Det er ikkje berre berre å nå ut med musikken sin midt i koronakrisa. Men torsdag har Lizz konsert online på smp.no. 

Frå Lizz til dei «der ute»

Det er gjennom prosjektet Parken kulturstrøm at Lizz skal ha konsert i Parken kulturhus i Ålesund. Konserten blir strøyma på smp.no. Lizz er glad for å kunne få ei scene å stå på, sjølv om publikum er «der ute» ein stad.

– Endeleg blir det konsert igjen. Eg hadde planlagt mange konsertar forskjellige stader i Norge utover våren, men ingen av dei blir noko av. Difor gler eg meg veldig til i morgon.

Lizz fortel at konserten kjem til å vare i ein liten time. I løpet av den tida vil ho presentere låtar som ho har skrive og gitt ut dei siste åra. Med seg har ho sitt faste band, beståande av Robert Lien på trommer, Ørjan Liavåg på gitar og Arne Moe på bass.

Lizz: Lisabeth Brekke Sylthe med band spelar på Parken kulturhus torsdag kveld.   Foto: Nils-Harald Ånstad

Dagbok

Lizz har satsa fulltid på musikk sidan 2015, og gav ut det første albumet sitt i 2018. Sidan har ho gitt ut fleire singlar og drøymer no om å gje ut ein EP. I det heile lever ho ut draumen ho har hatt sidan ho var ganske lita. Det har alltid vore musikken som har stått i framsetet for Lizz og ho byrja å skrive låtar i 12–13 årsalderen. Tekstane hentar ho frå eige liv. Gjennom låtane er det ofte slik at ho blir ferdig med ting som har vore sårt eller vanskeleg.

– Tekstane har på mange måtar vore dagboka mi. Og når ein song er ute i verda er det som om eg er ferdig med problemstillinga eg skriv om. For meg har det alltid vore slik at det eg skriv om er ekte, det er ikkje noko eg diktar opp, seier ho.

Ny singel: Omslag til singelen, «No. 2» av Lizz. 

Pop i Sverige

Sjølv skildrar Lizz musikken sin som melodiøs pop med innslag av rock. Tekstane til Lizz er på engelsk.

– Eg har veldig respekt for dei som skriv låttekstar på norsk, men for meg kjennest det feil. I tillegg vil eg sjølvsagt nå ut, helst lenger enn Norge, med musikken min, seier Lizz, og legg til:

– Analyseverktøyet til Spotify er faktisk ganske interessant å sjå på. Akkurat no kan eg for eksempel sjå at topp fem-landa for strøyming av den nye singelen min er Norge, Sverige, Filippinene, USA og Finland. Det er jo litt artig. Ein dag håper eg at eg kan booke konsertar i utlandet også.


Låtslipp:

LiZZ med ny singel

Fredag 28. juni slepp kvamsøyjenta sin nye singel «This Time» via plateselskapet Gygre. Det er den fyrste av tre singlar som kjem ut dei neste månadane.


Tilbake til Kvamsøya

Å gjere seg kjend som artist er ikkje noko som er gjort over natta. Lizz kan likevel skilte med særs høge strøymetal på musikken sin. Berre den siste singelen er strøyma godt over 50.000 gonger.

– Eg er nøgd med det, for koronakrisa gjer faktisk at folk strøymer mindre musikk enn vanleg. Det har kanskje med at folk brukar mindre tid på til og frå-situasjonar. Dei fleste er jo heime no, seier Lizz.

Når Sunnmørsposten snakkar med henne, sit ho i shorts og t-skjorte i solveggen heime på Kvamsøya. Her budde ho fram til ho var ni-ti år gamal, og så flytta familien til Trondheim. At ho kom tilbake var tilfeldig.

– Eg fekk sommarjobb ved omsorgsheimen på Larsnes, men då eg kom tilbake til Kvamsøya skjønte eg kor fint det verkeleg er her, så eg blei verande.

No brukar Lizz dagane til å skrive ny musikk. Eller dagane blir feil å si, for Lizz er eit vaskekte b-menneske, som blir særs kreativ om natta.

– Så eg sit her ute og lagar musikk, med høgt volum, på nattestid. Men det er god avstand til naboane, som uansett for det meste er familie, ler Lizz.