Strøymekonsert frå Ljøen

Søndag 7. juni blir strøymekonserten «Storkultur på Ljøen» sendt digitalt frå ei rekkje plattformer.

Utsikt: Frå ein tidlegare konsert på Fjellgården Øvre Ljøen Amfi.  Foto: Privat

Kultur

Storfjord Kulturhus er stengt for større konsertar grunna koronapandemien.

Difor arrangerer dei no, i samarbeid med selskapet Bonseye, Anders Adolfsson, Lyd-Lars og MediaRIKS, sin eigen festival – direkte frå friluftsamfiet på Øvre Ljøen mellom Stranda og Hellesylt.

Fleire strøymeplattformer

Konserten vil, saman med filminnslag frå ymse medarrangørar, bli kringkasta på fleire strøymeplattformer, skriv dei i ei pressemelding.

Sparebanken Møre er hovudsponsor og har kjøpt alle billettane i amfiet.

I tillegg til å fremje kulturen på Sunnmøre vil arrangørane setje fokus på lokal natur og lokale produsentar av mat, drikke og reiselivstilbod, for på denne måten å marknadsføre fjorden og bygdene ikring.

Artistane

Desse er med: Stine Hole Ulla, Ålesund Strykekvartett, Tricia Boutté-Langlo og Askjell Molvær, Ole Hjalmar Bonsaksen, Frode Hagebakk, Katrine Langlo med band, Kristin Storstein, LIZZ med orkester, folkemusikk-trioen Ingunn Linge Valdal, Thea Marie Ytterdal og Solveig Eide Grønningsæter, poeten Eirik Havnes, dansaren Martha Standal, Tone Oline Knivsflå, Gunnar Inge Eide, PK Støbakk, og indiebandet Revolt frå Molde.

Programvert er Sigurd Drege.