Ålesund kulturråd:

Jobbar for kulturarena på Moa

Kan gamlekinoen på Moa bli etterlengta øvingslokale? Ja, sjå dét er slikt Ålesund kulturråd bryr seg med.

Styret i Ålesund kulturråd: I front leiar Sølvi Kjærtun Alnes. Vidare frå venstre rundt bordet Øystein Molvær, Merete Haugseth, Lasse Larsson Fjørtoft, Peter Drabløs, Siv Juul Abelseth, Jan Kolvik og Randi Otnes. Også Sylvia Baier Evensen, Karoline Blengsli, Bodil Gina Uri og Monica Linge Marcelli høyrer med.  Foto: Bjørn Halvorsen

Kultur

Ting skjer i kulturlivet. No er det samling på gang. I alle høve innan det ein kan kalle ytringskulturen. Alt slikt som resulterer i eit kulturelt uttrykk. Det vere seg song, musikk, dans, bildekunst, skodespel og liknande.