God plass på årets stemne

Tidlegare har Storfjordstemna nærast fløyma over av folk. I år var det ei eksklusiv forsamling på 150. Koronaen får skulda.

Graut: Jan Ove Tryggestad, Petter Hjørungdal og Kåre Haugen koste seg med rømegraut på Ljøen søndag.  Foto: Randi Ansok / Nyss

Kultur

– Det var nok litt færre deltakarar enn vi hadde forventa og planlagt for. Men eg er likevel storfornøgd med årets stemne, seier styreleiar Inge Bjørdal i Storfjordens venner – arrangør av stemnet sist søndag.