Her får bygdefolket prisen

Fredag fekk bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen overrekt Kulturlandskapsprisen 2021.

Prisutdeling: Her får dei Kulturlandskapsprisen 2021.. Frå venstre: Statsforvaltar Else-May Norderhus, Karl Inge Lilleås, Stein Ivar Krohn, Ingrid Marie Relling, Lars Storås og fylkesordførar Tove Lise Torve.  Foto: Ragnhild Naug Aas.

Kultur

Kulturlandskapsprisen blir gitt til heile bygda Norddal og Herdalen i Fjord kommune. Her er det mange eldsjeler og mykje aktivitet knytt til skjøtsel og formidling av kulturlandskapet, heiter det i ei pressemelding frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.