Ny bok:

Skriv om kvardagsliv under pandemien

Korleis har du det under pandemien? Det spurde Sykkylven Sogenemnd om, og fekk 25 svar som no er komne i bokform, i «Sykkylvsliv Anno 2021».

Ny bok: Eldar Høidal har vore prosjektleiar for Sykkylven Sogenemnd si nye bok «Sykkylvsliv Anno 2021».  Foto: Christine Fohlin Verneland / Nyss

Kultur

– Vi i sogenemnda er ikkje berre opptekne av gamle dagar. Vi vil gjerne også formidle vidare det som nyss har skjedd. Til dømes gav vi for nokre år sidan ut ei innflyttarbok.