Laurdag slo dei topplaget Charlottenlund med heile ti mål (32-22). Søndag kom nedturen med tap 23-27 for Utleira. Som dagen før kun greidde 21-21 mot botnlaget Ålesund HK.

Trenar Haldor Stefan Haraldsson sleit med å finne alle årsakene til at laget hans presterte så svakt mot Utleira søndag ettermiddag. Dagen før hadde det same laget spelt ut Charlottenlund og innteke tabelltoppen, nettopp frå trønderane.

– Vi har eit ungt lag og prestasjonane varierer stort frå ein dag til ein annan. Laurdag var det fantastisk bra og spelarane leverte årsbeste. Kanskje trudde vi at vi er betre enn vi er, når vi søndag møtte Utleira, erkjenner den islandske Voldatrenaren til Sunnmørsposten.

Han er svært skuffa over å ha tapt mot eit lag, som dei på ein normal kampdag skulle vunne mot.

Bedre laurdag

Laurdag var både mentalitet og hovud på plass hos spelarane då dei møtte topplaget Charlottenlund.

– Trass i at vi låg under med fire mål i første omgang, kom vi tilbake og hadde 12-12 til pause. Utover i kampen speler vi oss stort opp og utklassar Charlottenlund med ti mål. I kampen mot Utleira kom vi under med seks mål før pause, men reduserte dette til 10-13 etter halvtimen. Vi kjempa oss tilbake i kampen, og hadde 20-20 ti minutt før slutt, men alt for mange personlige feil øydela for oss i dag, påpeikar Haraldsson.

Han legg ikkje skjul på at laget hans sleit med å justere seg i forhold til at gjestane sette frimerke på både Aukse Aglinskiene og Vanessa Sunde Hoel frå første til siste kast på ballen.

Volda HK er likevel på toppen i avdeling 4, trass i det litt uventa tapet mot Utleira. Med betre målskilnad toppar dei avdelinga framfor Charlottenlund SK og Oslostudentenes IK, alle med 15 poeng.

Marte Nornes vart toppscorar for Volda i begge kampane.

ÅHK og Bergsøy

Ålesund HK klarte som nemd uavgjort 21-21 mot Utleira laurdag. ÅHK-damene leia 21-20 til berre nokre få sekund sto att av kampen. Dette var faktisk det fyrste poenget til ÅHK i serien.

Søndag måtte ÅHK stille utan fleire rutinerte spelarar mot Charlottenlund, og vart smadra 13-30. Ungjentene vart altfor lette mot robuste trøndarar.

Bergsøy herrelag i 2. divisjon hadde ei flott helg i Bergen. Laurdag vart det ein solid siger 33-28 mot Bergen HK, og søndag vart Bergen Vest utklassa 28-17. I denne kampen leia Bergsøy 13-1 etter 15 minutts spel! Laget er no oppe på 3. plass i avdeling 3.