Enkel siger for Volda

Vann med ni mål i Trondheim

Serieleiar Volda tok to enkle poeng etter 26-17 mot Byåsen Bredde i Trondheim laurdag ettermiddag. Volda sleit litt i fyrste omgang, men førte med 9-7 etter halvspilt kamp.

Vann Karoline Dyrhol Slenes og Volda vant med heile 26-17 mot Byåsen Bredde i Trondheim laurdag.  Foto: Jarle Mordal.

Sport

Etter kvilen rykka gjestane frå og gjekk kjapt opp til 14-9 etter fem minutt av 2. omgang.

Og ut kampen hadde Volda kontroll og har nå 19 poeng etter 12 kampar i 2. divisjon avdeling 4.

Aglinskiene toppskårar

Aukse Aglinskiene vart toppskårar for Volda med seks mål, medan Marte Nordnes og Kine Kvalsund skåra fem mål kvar.

Veteranen Karoline Dyrhol Slenes noterte seg for tre skåringar.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport