Passar på kvar einaste dag

– Vi må alltid ver der for kundane våre, om dei skulle få feil eller nedetid på systema. Difor har vi døgnkontinuerleg vakt kvar einaste dag i året, fortel dagleg leiar i Egset Ventilasjon, Espen Egset.

Annonsørinnhold produsert av SMP Brand Studio

Rask respons

Det er veldig viktig med stabil og sikker drift av dei tekniske anlegga hjå ei bedrift. For at dei skal fungere stabilt gjennom heile året, burde alle bedriftar og foretak ha ein påliteleg og kompetent servicepartnar. Om uhellet skulle vere ute og nokre system sluttar å fungere, bør ikkje hjelpa vere langt unna.

– Vi er leverandør av service og vedlikehald hjå mange bedriftar på Sunnmøre. Vår fordel er at vi er lokale, kan rykkje ut på kort tid og beherskar mange fagfelt innan ventilasjon, varmeløysingar, kuldeteknikk og kjerneboring, seier Egset.

foto
Med eit sentralt datasystem kan Egset følgje med på anlegga til Sunnmørsbadet. Foto: Oclin AS.

Målar alt

Ein av dei største kundane til Egset Ventilasjon, er Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Der har dei eit spesiallaga ventilasjonssystem for svømmeanlegg med mange viktige funksjonar, som gjenvinning av overskotsvarme, filtrering av klorholdig luft, og regulering av luftfuktigheit. Dagleg leiar for Sunnmørsbadet, Karl-Petter Sortehaug, fortel at dei er prisgitt Egset si raske responstid om det skulle hende noko.

– Vi har målingar på alt i eit digitalt datasystem der vi kan følgje med på alt frå vasskvalitet, temperaturar i vatn og luft i tillegg til måling av luftfukt. Dette systemet har òg Egset tilgang til, så om ikkje vi oppdagar feil så gjer Egset det. Med Egset i ryggen, har vi aldri måtte stengje ned ein einaste gong, trass fleire hendingar med feil og nedetid på system.

foto
I ventilasjonsanlegga til Egset finst det mange sensorar som målar både temperatur, fukt og klor. Foto: Oclin AS.

Fukt og klor

Egset understrekar også at tekniske anlegg i svømmehallar og badeanlegg treng tettare oppfølging og ettersyn for å halde effektiv og god drift.

– Systema våre både filtrerer klorlufta og avfuktar. Det er stor påkjenning på anlegga med høg luftfukt og klorhaldig luft, derfor er det alfa og omega med førebygging og vedlikehald for å sikre lang levetid. Det har også mykje å seie for trivselen til gjestane at luftkvaliteta er god.

Spisskompetanse

I eit moderne svømmeanlegg og badeland er ein av dei viktigaste funksjonane, forutan om varmtvatn, eit avansert ventilasjonssystem. Sunnmørsbadet er inga unntak.

– Vi har Egset som leverandør av service og vedlikehald hjå oss i Sunnmørsbadet. Dei er lokale og har veldig kort utrykkingstid heile døgnet, heile året. Og, dei har spisskompetanse på ventilasjonssystem for svømmehallar og badeanlegg, noko som er veldig viktig for oss, fortel Sortehaug.

foto
Dei tilsette i Egset har god kontroll på oppgåvene sine hjå Sunnmørsbadet. Foto: Oclin AS.

Eit økosystem

Energibehovet i eit svømmeanlegg er enormt. På Sunnmørsbadet brukar dei nær 6500kWh i døgnet. Det tilsvara nesten eit halvt års forbruk til ein gjennomsnittleg einebustad i Noreg. Det meste går til oppvarming av badevatnet.

– Alt speler på lag med alt her på Sunnmørsbadet, overskotsvarme som blir gjenvunnen blir brukt til å varme opp råvatn som kjem inn, som gjer det billegare å varma opp bassengvatnet. Varmen i vatnet bidreg igjen til varmeproduksjon i heile anlegget i lag med varmepumpar. Det er som eit økosystem, fortel Sortehaug.

Ope året rundt

Sunnmørsbadet er ein av dei verkeleg store familiefavorittane i regionen. Hit kjem både små og store, yngre og eldre for å boltra seg på heile 6400 kvm med svømmeanlegg fordelt på fleire basseng og fasilitetar.

– Vi har ope kvar dag, heile året. Til og med på julaftan og 17. mai. Om nokon av systema skulle slutte å fungere, og vi i ytste konsekvens må stengje anlegget, er ikkje det heldig. Då må vi sende heim gjestane våre, og det kan gå utover både omdøme og økonomi, i tillegg til større kostnadar på utbetring og reparasjon, fortel administrasjonsleiar på Sunnmørsbadet, Marlene Igesund.

foto
Espen Egset er grunnleggar og dagleg leiar i Egset Ventilasjon. Foto: Oclin AS.

Ein god kunde

– Sunnmørsbadet tar vedlikehald og førebygging på alvor. Om det skulle vere noko uventa har vi alltid ein tett og god dialog. Det er viktig å ha eit badeanlegg som fungerer optimalt for at gjestene skal trivast, fortel Egset.

Egset Ventilasjon har hovudservice hjå Sunnmørsbadet ein gang i året, men har òg døgnkontinuerleg vakttelefon om det skulle skje noko.

– Er det system som sviktar midt i fellesferien eller i romjula har vi alltid ein mann vi kan sende, fortel Egset.

Om Egset Ventilasjon 

Egset Ventilasjon vart starta av Espen Egset i 1998 og har sidan vakse til ei verksemnd med 20 tilsette. Dei har hovudkontor i Furene i Volda kommune på Søre Sunnmøre. I 2016 starta dei opp ei avdeling i Ålesund som dekker heilt til Vestnes.

– Egset Ventilasjon leverer smarte og berekraftige løysingar innan ventilasjon, kuldeteknikk og kjerneboring, avsluttar Egset.

foto
Egset Ventilasjon er klare for oppdrag på Sunnmøre. Foto: Oclin AS.