Det heile startar allereie torsdag.

Trine Ramsvik Stette, Karoline Hansen og Monica Sæterøy Høybakk er blant deltakarane. Dei har trua på at det kan bli ein kvinneleg vinnar i år.

– Vi kvinner er kanskje litt meir detaljfokusert enn karane, seier Karoline Hansen.

– Og rolegare, seier Monica Sæterøy Høybakk.

Ein annan som også skal til Stjørdal for å skyte blink, er topp-politikar Frank Sve. Til dagleg har han Stortinget som arbeidsgjevar.

– På ein god dag kan eg klare å kome til finale, seier Sve til Sunnmørsposten.

Stortingspolitikaren frå Stranda har vore aktiv skyttar i 46 år, det vil seie sidan han var ni år. Han har deltek i ei lang rekkje landsskyttarstemne utandørs.

Ein stor idrett

Familien Sve har forstra ei heil rekkje gode skyttarar, og til denne meisterskapen har Frank med seg sonen Sivert og dottera Martine. Sistnemnde tok sølv i junior-VM så seint som i oktober. Det er ikkje ein reint liten prestasjon.

– Vi skal hugse på at skyting er den nest største idretten i Norge, seier Frank Sve.

For dei som er interesserte i skyting blir det gode moglegheiter til å få med seg spenninga frå Stjørdal, der familien Sve er blant rundt 2.000 deltakarar.

Følg alt på smp.no

Polaris Media har nemleg inngått avtale med Det frivillige Skyttervesen om å strøyme helgas landsskyttarstemne. Det betyr at du kan følge stemnet på smp.no fortløpande.

Det blir både studiosending med ekspertkommentarar og ulike innslag.

– Vi trur denne sporten og konkurranseforma vil «treffe» våre lesarar frå Alta i Nord til Lindesnes i sør, seier Stig Vågnes, prosjektleiar i Polaris Media Streamsenter.

Frank Sve er god å skyte, men han har ikkje VM-medalje, som dottera Martine. Foto: ODD-SØLVE I. GRANNES