I høve 100-årsjubileet til Sunnmøre Fiskarlag, som no er ein del av Møre og Romsdal Fiskarlag, har Sunnmørsposten fått lov å vise bilete frå fiskarfilmen «Ut mot havet». Filmen vart utgjeven av Sunnmøre Fiskarlag i 1956. Her er unike bilete frå ulike fiskeri, mellom anna det eventyrlege sildefisket.

– Den eldste generasjonen har nok sett denne filmen før, men bileta er av ein slik kvalitet at dei fortener å bli plukka fram att. Det er ein fantastisk dokumentasjon av fiskeria på den tida, seier journalist Svein Aam, som har tilrettelagt klipp frå filmen for Smp.no, saman med fotograf Staale Wattø.

I ein intervjuserie i Sunnmørsposten fortel nokre av dei mest erfarne fiskarane og fiskeskipperane som den fantastiske utviklinga dei har vore med på.

Første episode: Sildeeventyret.

Originalfilmen vert kommentert av Monrad Norderval, kjend som «Ishavspresten». Filmen har fleire dramatiserte scener, men det spesielle er reportasjebileta frå fiskeria, tatt av den kjende fotografen Nils R. Müller.

Smp.no har fått tilleggskommentarar frå to som sjølv byrja som fiskarar på 50-talet, Jan Johansen frå Ålesund og Roger Korsnes frå Hareid. Tidlegare lineskipper og informasjonssjef i Norges Fiskarlag, Knut Arne Høyvik, kommenterer også nokre av klippa. Høyvik skriv hundreårssoga til Sunnmøre Fiskarlag, som snart er klar for utgjeving.