40 mann var i sving for å berge eitt kast. Alle måtte kunne jobben sin. Og alt vart gjort med handemakt, fortel Jan Johansen frå Ålesund. (fødd 1937) Han byrja som sildefiskar på 50-talet, og vart etter kvart bas slik faren, Harald, var.

Sildebasane hadde heltestatus, men kunne samstundes bli den store syndebukken om noko gjekk gale. For under eit notkast står store verdiar på spel.

I høve 100-årsjubileet til Møre og Romsdal Fiskarlag viser Smp.no klipp frå fiskarfilmen «Ut mot havet», utgjeven av Sunnmøre Fiskarlag på 50-talet. Her er unike bilete frå ulike fiskeri, mellom anna det eventyrlege sildefisket.

Storfiskarar episode 2: Sildefiskarane.