Hofseth fortalde om lakseoppdrett i fjellhallar
Vil produsere 100.000 tonn laks i året frå store fjellhallar
– Eg fekk berre positive tilbakemeldingar. Kven kan vere i mot dette? spør ein ivrig Roger Hofseth. Måndag kveld var det digitalt folkemøte der han fortalde om planane for eit digert produksjonsanlegg for laks i store fjellhallar i Røbbervika i Storfjorden.