- Kva er di hjartesak?- Trygg og god helseomsorg. Eg ønskjer eit sterkt helsevesen for alle.

- Kvifor vil du engasjere deg politisk?- Eg har alltid vore engasjert i alt frå frivillige lag til studentpolitikk. Så når eg blei spurt om å bli med i Ap, var det naturleg å seie ja og nytte engasjementet mitt til å gjere det eg trur på.

- Kor lenge har du vore i politikken?- Eg melde meg inn i Arbeidarpartiet i 1997, og har vore politisk aktiv sidan då.

- Korleis nyttar du sosiale medier i valkampen?- Eg nyttar sosiale medier heile tida - både Facebook, Twitter og Instagram. Eg har også eigen blogg.

- Fortel om den beste sommaren du har hatt.- Eg har hatt så mange fine somrar! Men dei beste må vere på Vigra med mormor og morfar. I tillegg var eg mykje med barndomsveninna mi, Grete Isene. Då gjekk det mykje i krabbefisking, blåbærplukking og bading i sjøen.

- Kva var din verste sommar?- Eg trur faktisk ikkje at eg har hatt nokon dårleg sommar. Eg har faktisk berre gode sommarminne. Kan hende eg har ein veldig selektiv hukommelse her, men eg kjem ikkje på nokon ting, flirar ho.