- Kva er di hjartesak?- For meg er næringspolitikk det viktigaste. Eg har vore leiar for den lokaleindustriforeininga i Flora lenge. Samferdsle er også ein viktig del av det.

- Kva var det som gjorde at du ville engasjere degpolitisk?- Eg såg at det var for få politikarar med næringslivsbakgrunn.

- Kor lenge har du vore med i politikken?- Eg har vore åtte år i politikken, med drive med næringspolitikk i over 20 år.

- Korleis nyttar du sosiale medier i valkampen?- Eg prøver å vere aktiv på Facebook, der eg legg ut saker og meiningar. Egskriv også lesarinnlegg som blir lagt ut på heimesidene til avisene, og detblir det ofte spennande debatt av.

- Fortel om den beste sommaren du har hatt.- Det er mange av dei. Høgdepunktet måvere den serien av somrar eg hadde på Flo i Oppstryn, der eg og brørne minevar. Eg gjekk på ski på Strynefjellet og fungerte som gardsgut. Når vi bleieldre bygde vi ei hytte midt i grenda, og den har vi hatt sidan og nytta somfamiliestad, fortel Bjørn Erik Hollevik.

- Korleis var din verste sommar?- Det er eigentleg mange av dei også. Eg har nemleg ein tendens til å rote vekkting når eg er på ferie. Den sommaren eg var seks år gamal og skulle byrje påskulen, rota eg vekk tuppen på den venstre peikefingeren min. Den blei kverna iei elektrisk kaffikvern. Då eg vart eldre, forsvann synet på det eine augetmedan eg ferierte på ei gresk øy. Det var ein sjeldan bakterie som angreiphornhinna mi. Men det gjer ikkje noko at eg manglar litt – vi er utstyrt medmeir enn ein av kvar ting. Og eg har alltid vore flink til å sjå moglegheiterder andre ser stengsler, flirer han.