Boka må vike for dokumenta

Den tidlegare bokhandlaren frå Molde er glad i skjønnlitteratur. Men politikk og styrearbeid gjer at han i kvardagen må velje saksdokument framfor den gode romanen.
Torgeir Dahl
Parti: Høgre Alder: 55 år Bosted: Molde Sivil status: Gift og to barn Viktigste politiske verv: Gruppeleiar for Høgre og leiar i plan og utvikling i Molde. Medlem av fylkestinget, leiar i utdanningsutvalet og leiar i fagskulestyret i fylket. Mitt tips: Eg trur fordelingen av mandat i Møre og Romsdal vert slik ved valet i haust: Fremskrittspartiet: 3, Arbeiderpartiet: 2, Høgre: 2, Kristelig Folkeparti: 1, Senterpartiet: 1, Venstre: 0 og Sosialistisk Venstreparti: 0 Vårt sterkaste kort: I dagens turbulente situasjon har Høgre vist evne til å styre og vist at partiet er til å stole på.
Valg 2009

Men når ferien kjem, snur han på det. Torgeir Dahl var 23 år gammal og nyutdanna siviløkonom då han kjøpte ut sine tre søsken og tok over familiebokhandelen i Molde. Nokre år arbeidde han saman med faren, men frå første stund var det ingen tvil om kven som var sjefen. Han bygde bokhandelen opp til å verte Norges største bokhandlarkjede, men i 2001 selde han. Og han har ikkje angra. Torgeir Dahl eig framleis bygningane, der han også har kontor, og har god kontakt med dei som driv bokhandelen vidare. Sjølv om han forlengst er ute av bokhandlarbransjen, er det nettopp bokhandlar han er i mange sine auge. Ser framover Han er ikkje den typen som ser seg så mykje tilbake. Han ser i staden framover. Derfor lengtar han ikkje etter sitt gamle yrke, men seier samstundes at han trivdest godt i rolla som bokhandlar i Molde i nokre og tjue år. Han vart til og med valt til leiar i ærverdige Den Norske Bokhandlerforening, og var då den yngste leiar som hadde fått dette vervet. – Å kombinere kommers og kultur var spennande, men også svært krevjande, minnest han. Uro i kroppen Torgeir Dahl karakteriserer seg sjølv som ein person med uro i kroppen. Han har alltid likt å oppsøkje heilt nye arenaer og prøve heilt nye ting, møte nye menneske og framande kulturar. Skulle det ikkje lukkast å få plass på Stortinget til hausten, ser han ikkje bort frå at han om nokre år kan kome til å gjere ting som han i dag ikkje heilt klarer å forestille seg. Etter at Torgeir Dahl selde bokhandlarkjeda for åtte år sidan, har han bygt opp eit yrkesmessig tilvære som kviler på tre bein. Styregrossist Han eig selskap som driv innan eigedom. Han er vidare det ein må kalle styregrossist, sit i rundt 30 styre og er leiar i sju-åtte. Han er aktiv både i lokal- og fylkespolitikken, er gruppeleiar for Høgre i Molde og sit i fylkestinget og er leiar i utdanningsutvalet. Alt dette krev myke tid, og både kveldar og helger går med til å kome gjennom alle sakspapira. Dei siste månadene har vore spesielt tøffe, etter at han før påske fekk kreftdiagnose. Fortalde om sjukdommen På fylkestinget i Geiranger i april entra han talarstolen og fortalde om sjukdommen. Han har ikkje angra, og fortel om mange og svært positive tilbakemeldingar. At han valde å vere open, har hjelpt både han sjølv og familien. I mange vekar har han reist fram og tilbake frå Molde til Ålesund kvar dag for å få cellegift- og strålebehandling på sjukehuset, og han er svært glad for at vi har eit slikt spesialisttilbod i fylket. Miljømedviten som han er, har han brukt buss - nærare bestemt Timeekspressen. Ei rute som han sjølv har døypt om til Stråleekspressen. Snart ventar operasjon for å få fjerna kreftsvulsten, og det skal skje ved St. Olavs Hospital i Trondheim. På beina til Jazzfestivalen – Dette skal gå bra. Eg har som mål å vere på beina att til jazzfestivalen tek til. Eg er nestleiar i Moldejazz, så dette må vi få til, seier han optimistisk. Torgeir Dahl trur at god fysikk og det at han er mentalt sterk, har hjelpt han gjennom den vanskelege tida. – Det gjekk ikkje lang tid frå eg hadde fått diagosen til eg hadde bestemt meg for at dette skal eg klare å takle, fortel han. Han er ikkje i tvil om at det var heilt rett av han å vere open om sjukdommen. Det er han også i mange andre samanhengar, og er smerteleg klar over at dette også kan gjere han sjølv sårbar. – Men ved å vere open opparbeider ein samstundes respek og tillit, seier han. Kvass og direkte Torgeir Dahl kan i nokre samanhengar oppfattast som kvass, direkte og bydande. -- – Men eg trur at eg er rettferdig og veit at eg har sjølvironi. Og har eg gått for langt og gjort feil, er eg ikkje redd for å seie unnskyld, seier han. – Kva fyller du fritid og feriar med? – Eg likar å gå turar i skog og mark, og å gå på småviltjakt. Slikheld eg meg i god fysisk form. Eg trivst svært godt med den norske sommaren, og er ikkje den typen som likar meg særleg godt på strender i syden. - Eg reiser ganske mykje gjennom alle styreverva, og kona er litt fortvila over at vi ikkje får tid til å reise meir på feriar. Sykkeltur – Har du nokon gong gjort noko heilt villt? Torgeir Dahl tenkjer seg vel og lenge om, så dreg han på smilebandet og fortel: – Eg var 19 år og hadde planlagt biltur i England saman med nokre venner. Då alle dei andre trekte seg og eg stod att åleine, sykla eg like godt til Oslo, tok båten over til England og sykla 800 mil i England, Skottland og Wales. Eg brukte seks-sju veker og møtte mange spennande menneske. Eg hadde ikkje telt, og overnatta ein gong på ein kyrkjegard. Men eg budde også på eit flott hotell i York, og minnest enno skepsisen då hotellet sine folk trilla sykkelen min ned i garasjen og parkerte den saman med flotte limosinar. Eg kom skitten og uflidd, og det store spørsmålet var om eg var kredittverdig. Då vifta eg med reisesjekkane frå American Exress, og hadde sjølvsagt lagt dei med høgst valør øverst. Slik vart det problemet løyst,fortel Torgeir Dahl. Då han kom på førstegangsteneste like etterpå, var han i kjempeform etter den lange sykkelturen. Men han møtte opp til rekruttskule på Madla to dagar for seint.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Valg 2009