Rein Høgre-styring i Herøy

Høgre gjorde eit brakval og stakk av med vel 45 prosent av røystene. Resultatet er rein Høgre-styring i Herøy.

  Foto: Svein Nordal

Valg 2011

Arnulf Goksøyr gler seg til fire nye år i ordførarstolen, og Tor Sindre Steinsvik frå same parti vert varaordførar. Dei har også fått med seg på laget partifelle Gry Cecilie Sydhagen, som skal leie næringskomiteen. Ho skal leie arbeidet med ein strategisk plan for næringslivet i Herøy dei neste åra.

Steinsvik har i følgje Goksøyr vore med i politikken sidan tidenes morgon, men Steinsvik justerer dette ned til dei fire siste kommunestyreperiodane. – Og vi har hatt eit knallgodt samarbeid, seier Goksøyr.

Sydhagen er gründeren bak bedriftene Metizoft – som driv kartlegging av farlege stoff om bord i skip – og Metis Data.

– Med så stor oppslutnad valde vi å ta styringa sjølve, men vi har eit valteknisk samarbeid med Frp, seier Goksøyr. Høgre har femten av 33 representantar i kommunestyret, og med støtte frå Frp vert fleirtalet atten, mot femten i opposisjon.

KrF har hatt varaordføraren i siste periode, men Goksøyr fortel at dette ikkje var aktuelt denne gongen.

– Slik det har utvikla seg, har KrF vorte ein markert motstandar. Og med den leiinga partiet har no, vil nok det halde fram, seier Goksøyr.

– Vurderte de å dele makta med andre parti?

– Ja, vi var inne på tanken, men berre ei kort tid. Men her ute i distrikta er det ikkje beinhard Høgre-politikk vi driv. Sunn fornuft og samarbeid med opposisjonen vil vi også ha. Det finst mange gode politiske talent i andre parti i Herøy, seier Goksøyr.

Dei politiske makthavarane i Herøy har bestemt seg for å gjere politikken meir spennande, og gå tilbake til fagutval etter tverrsektorielle utval i åtte år. Det vert oppretta næringskomite, omsorgskomite, oppvekstkomite og maritim/plankomite.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Valg 2011